Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Mekaniske Verksted AS

Nybygget til Florø Mekaniske Verksted i Botnastranda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nybygget til Florø Mekaniske Verksted i Botnastranda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Mekaniske Verksted AS (FMV) vart starta av Stig Arne, Asbjørn og Ole Brandsøy i 2003. Dei baserte seg i starten m.a. på oppdrag for skipsverftet i Florø, men voks fort og utvida aktiviteten sin, m.a. leverer verksemda røyr og mindre stålkonstruksjonar.

FMV baserte seg m.a. på innleige av arbeidskraft frå Polen og dei baltiske statane og hadde på det meste 350 på lønningslista. Finanskrisa i 2009 gjorde at aktiviteten gjekk ned, men i 2011 er det ny vekst, og talet på tilsette er oppe i over 200.

FMV bygde ny verkstad på Botnastranda i 2011.

Ole Brandsøy er dagleg leiar. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Ole Brandsøy er dagleg leiar. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2012