Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Mekaniske Verksted

Florø Bil & Havneservice held i dag til der Florø Mekaniske Verksted og Sindreslippen var. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Bil & Havneservice held i dag til der Florø Mekaniske Verksted og Sindreslippen var. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Mekaniske Verksted vart skipa 1905 av smed Lars Berntsen. Han bygde mekanisk verkstad og det som til då var største slippen i distriktet.

Den engelske ingeniøren Geo Wilson vart tilsett 1913 og fekk starta produksjon av båtmotoren «Trygg».

Etter fleire eigarskifte og konkursar vart verksemda i 1927 kjøpt av Dagfinn Sindre. Han skipa Sindres Slipp & Mek. Verksted.

«Sindreslippen» kunna dra opp båtar på inntil 125 fot. Dagfinn Sindre dreiv slippen til 1974. Han var også oppfinnar, og produserte m.a. ei tannhjulspumpe som vart seld til heile Skandinavia.

På 1980-talet overtok ingeniør og oppfinnar Olav Ellingsen og selskapet hans Miljøsikring eigdomen, seinare Florø Bil & Havneservice AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2009