Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Radio

Men Florø Radio hadde ein forløpar i ein mindre kystradiostasjon som kom i drift i Florø så tidleg som i 1906.

Kystradiostasjonen i Florø har hatt ein særskild plass i vestlandsfiskarane sine hjarte. I dei ureine farvatna kring Floralandet var det mange grunnstøytingar, og Florø Radio vart skipa i 1938 etter krav frå offiserane på ruteskipa; Ruteskipenes Befalsforbund.

Men Florø Radio hadde ein forløpar i ein mindre kystradiostasjon som kom i drift i Florø så tidleg som i 1906.

Vart «redningssentral»

Florø Radio var stengd under 2. verdskrig, men starta att i 1945. Frå 1949 fekk stasjonen døgnvakt som var til stor nytte under det rike storsildfisket på 1950-talet. I 1969 vart den første VHF-sendaren teken i bruk. Betjeninga på Florø Radio hadde store kunnskapar om fiskefelt, vertilhøve, båtar og mannskap og spela ofte ein avgjerande rolle som redningssentral i kritiske situasjonar. Dette er også grunnen til at fiskarane har mobilisert når det ved fleire høve på 1980- og 1990-talet har kome framlegg om å leggje ned Florø Radio.

Radiomastene til Florø Radio i Havreneset og Stabben fyr har på kvar sin måte skapt tryggleik for skipstrafikken langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Radiomastene til Florø Radio i Havreneset og Stabben fyr har på kvar sin måte skapt tryggleik for skipstrafikken langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oljen gav vekst

Florø Radio fekk ein sterk auke i trafikken då dei store oljefelta utanfor kysten av Vestlandet vart utbygde på 1980-talet, og hadde ei tid opptil 15 tilsette. I 2013 er det åtte tilsette på Florø Radio. Sendarmastene til Florø Radio står i Havreneset. I 2004 tok Florø Radio over fjernstyringa av Ørlandet Radio på Trøndelags-kysten.

Flyradiostasjon i Rognaldsvåg

I åra mellom 1951 og 1959 var det også ein bemanna radiostasjon (Rognaldsvåg Aerradio) i Rognaldsvåg. Stasjonen var berre betjent i sommarhalvåret og hadde som oppgåve å hjelpe til med navigeringa for flyruta Bergen-Trondheim. Det var telegrafistar frå Florø Radio som opererte stasjonen.

I Rognaldsvåg var det radiostasjon for flytrafikken langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Rognaldsvåg var det radiostasjon for flytrafikken langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.02.2013