Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Røde Kors

Hovudkvarteret til Florø Røde Kors. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudkvarteret til Florø Røde Kors. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det er uvisst kva årstal lokallaga for Røde Kors i Kinn, Florø, Bru og Eikefjord vart skipa, men det er rimeleg å rekne med at dei her som elles i fylket, kom i gang tidleg på 1920-talet.
Laga i Flora var organiserte i Florø og Omegn krets (Sunnfjord Felleskrins) av Norges Røde Kors. Hovudoppgåva for desse laga var frå 1924 å få organisert innsamling av midlar til byggjing av Røde Kors-sjukehuset i Florø som stod ferdig i 1926 med 36 senger (sjå Florø sjukehus). Sjukehuset vart bygd for 60.000 kroner. Av dette var 40.000 kroner samla inn av Røde Kors. Røde Kors-sjukehuset vart avløyst av det fylkeseigde sjukehuset i byen i 1931. I det nye fylkessjukehuset fekk Røde Kors opna eit folkebad i kjellaren, badet vart nedlagt i 1945, då sjukehuset trengde lokala til anna verksemd. Under 2. verdskrig samla lokalforeningane inn i alt 24.000 kroner i kontantar og varer som vart sende til folk som hadde lidd skade etter bombing og store eksplosjonar i Bergen i 1944.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010