Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Rør AS

Florø Rør AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Rør AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Rør AS vart starta i 1989 av Inge Ellingsund. Verksemda har eigen butikk og lager på Evja og har åtte tilsette.

I 2003 starta Inge Ellingsund også selskapet Niprox Technology AS som baserer seg på ein spesiell metode for fjerning av oksygen frå vatn. Dette skal m.a. hindre korrosjon.

Metoden vart utvikla på 1980-talet av Ove Stavø frå Florø med sikte på bruk i oljeindustrien. Eit firma i Amerika har rettane til ”saltvassdelen” av denne metoden, medan Niprox Technology arbeider med ferskvassanlegg av ulikt slag. I Florø har selskapet reist eige forretningsbygg på Evja.

Niprox Technology AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Niprox Technology AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009