Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Sjukehus

Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Av sjukehusa i Sogn og Fjordane er det sjukehuset i Florø som strekkjer dei lengste røtene bakover i historia: Fiskarsjukehuset som kom i gang alt på 1860-talet og vart avløyst av Røde Kors-sjukehuset i 1926. Det første fylkessjukehuset kom i Florø i 1933. I sjukehusstriden kring 1970 stod den bitraste striden kring sjukehuset i kystbyen.

Røde Kors-sjukehuset

Frå 1924 starta Sunnfjord krins av Røde Kors pengeinnsamling for få sjukehus med heilårsdrift i Florø til avløysing for Fiskarsjukehuset som berre hadde ope tre månader i sildetida. For 60.000 kroner vart det i 1926 reist eit tilbygg med 36 senger til Fiskarsjukehuset.

Men kapasiteten på sjukehuset vart raskt sprengd, og då legen Johan Yttri vart tilsett som overlege i 1929, vart det planlagt eit nytt sjukehus som var stort nok til å stette trongen for sjukehusplassar for Fjordane og Ytre Sogn (Indre Sogn fekk Lærdal sjukehus i 1930).

Snytt for Singer-pengar

Noko som sette fart i byggjeplanane var at den styrtrike amerikanske kunstnaren William Henry Singer jr. i Olden gav lovnad om ei stor pengegåve til bygginga. Men han trekte seinare lovnaden til Florø og bygde i staden Nordfjord sjukehus for nordfjordingane på Nordfjordeid. Florøværingane samla då inn ein like stor sum som Singer hadde lova, og sjukehuset vart bygd.

Det nye fylkessjukehuset i Florø stod ferdig i 1933 med 60 senger. Etter ei utviding i 1962 hadde sjukehuset 110 senger på medisinsk-, kirurgisk- og fødeavdeling.

Florø sjukehus ca. 1950. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Florø sjukehus ca. 1950. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjukehusstrid og partiopprør

Sjukehusstriden som loga opp på 1960-talet då det vart lagt fram planar om nytt sentralsjukehus i Førde, toppa seg i Flora i 1971 (sjå Kommunehistoria i Flora). Då gjekk Arbeidarparti-regjeringa til Trygve Bratteli imot tilrådinga frå fleirtalet i Sogn og Fjordane fylkesting og satsa på bygging av eitt sentralsjukehus for heile Sogn og Fjordane i Førde. Dei fire lokalsjukehusa i Lærdal, Høyanger, Florø og på Nordfjordeid skulle leggjast ned. Vedtaket førde til politisk opprør i Flora Arbeidarparti. Dei fleste partimedlemene melde seg ut i protest mot eiga regjering. Ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet, lensmann Mons Monsen, melde seg også ut og stilte i staden på toppen av ei upolitisk samlingsliste som fekk reint fleirtal i bystyret. Striden enda med bygging av sentralsjukehus i Førde i 1979 (sjå Førde kommune). Som eit plaster over dei politiske revnene som sjukehusstriden hadde skapt gjennom Arbeidarpartiet i fylket, vart lokalsjukehusa både i Florø, Høyanger og på Nordfjordeid moderniserte og utvida. Sjukehuset i Florø fekk 60 senger. Gamlebygget vart pussa opp og utvida med eit nybygg i 1977. Men denne satsinga på å gje fylket tilbake både i pose og sekk førde til stor overkapasitet ved sjukehusa. Kostnadene gjekk til himmels, og i 1982 vart sjukehuset i Høyanger lagd ned.

Frå sjukehusaksjonen i Florø i 1965. Foto: Firdaposten.

Frå sjukehusaksjonen i Florø i 1965. Foto: Firdaposten.

Nedlegging

I 1994 vart sjukehuset i Florø omgjort til ei avdeling under sentralsjukehuset i Førde, og fekk sterkt avgrensa funksjonar i høve til tidlegare.

I 2003 vedtok styret i Helse Vest at dei kirurgiske og indremedisinske tenestene ved sjukehuset i Florø skal flyttast til andre sjukehus i Helse Førde. Styret vedtok også at det skulle etablerast eit nærsjukehus i Florø, i samarbeid med kommunane Flora og Bremanger.

Men nærsjukehuset vart ikkje nokon suksess. Sengeposten på sjukehuset vart lagd ned i 2008. Det vart att nokre tenester i Florø, medisinsk og kirurgisk poliklinikk, psykiatrisk poliklinikk, blodbank, røntgen, LMS-funksjonar og ambulansestasjon.

I 2013 vart sjukehusbygningen seld frå Helse Førde til Flora kommune for fem millionar kroner. Helse Førde skal i staden leige lokale i Sunnfjord Medisinske Senter.

Les også om sjukehusstriden i 1928 og sjukehusstriden 1967–1972.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2013