Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Skytterlag

Florøens Skytterlag vart skipa 1862 som eit av dei første i landet. Skiparane var menn frå dei kondisjonerte klassane i den vesle kystbyen. Dei første åra hadde laget idrettsgruppe og musikklag. Musikkgruppa vart førd vidare i Florø Hornmusikk som eksisterer framleis.

I 1889 og ei tid frametter hadde skyttarlaget hard konkurranse frå eit anna lokalt skyttarlag som heitte «Sverre». Etter mykje strid, enda det med forlik og samanslåing. Skyttarlaget har heilt sidan starten hatt skytebane ved Likkjevatnet, der eigar av Flora gard gav gratis grunn. Bana ligg no midt i byen i eit attraktivt friluftsområde, noko som har skapt mykje strid og uro dei siste åra.

På 1980-talet vart Anne Grethe Jeppesen Europa-meister i luftgevær og fekk 5.plass i OL i Los Angeles, og i 1974 vart Egil Melvær skyttarkonge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.03.2010