Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Sportsklubb

Det unge og talentfulle Florø-laget etter siger over Sogndal i cupen 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Det unge og talentfulle Florø-laget etter siger over Sogndal i cupen 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Florø Sportsklubb vart skipa i 1945 ved at "Atgeir" og "Florø-Varg" vart slegne saman. Fotball og handball har vore dei to viktigaste idrettsgreinene i klubben.

Tidleg på 2000-talet starta klubben ei langsiktig satsing på eigne fotballtalent, mellom anna i eit eige fotballakademi. Det resulterte etter kvart i fleire sterke resultat. I 2011 vann Florø &16-klassen i Dana Cup i Danmark, laget kom til semifinalen i cupen for G16, og fleire av spelarane vart tekne ut på aldersavgrensa landslag.

I 2011 vart fotballgruppa i Florø Sportsklubb slegen saman med Fotballklubben Tempo til Florø Fotball.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.05.2012