Florø Sykepleieforening

Røde Kors-sjukehuset, som Florø Sykepleieforening var med på å få i gang. Ukjend fotograf. Eigar: Kystmuseet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Florø Sykepleieforening vart skipa 1898, og hadde som føremål å arbeide for å få bygd eit sjukehus i Florø.
Ektemaken til distriktslege Skridshol var leiar frå starten og fram til 1924.
I 1902 tilsette laget eiga helsesøster, og i 1920 vart ho styrar for ei eiga sjukestove som laget starta. I 1924 gav sykepleieforeninga 10.000 kroner til det nye Røde Kors-sjukehuset (sjå Florø sjukehus), og i 1926 2.000 kroner til instrument til sjukehuset. Også i 1930 gav foreninga ein stor sum til drift av fylkessjukehuset i byen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 09.06.2010