Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Turn og Idrettsforening

Eivind Stavang er ein av dei gode friidrettsutøvarane som er fostra opp i Florø Turn og Idrettsforening. Foto: Torbjørn Rørvik.

Eivind Stavang er ein av dei gode friidrettsutøvarane som er fostra opp i Florø Turn og Idrettsforening. Foto: Torbjørn Rørvik.

Florø Turn og Idrettsforening (Florø Turn & IF) vart skipa i 1893 som eitt av dei første i fylket.

Men alt i 1862 vart Florø Skytterlag skipa. Dette laget dreiv frå tid til anna også med idrettsøvingar - sjå elles: «Idrettslag og -anlegg i Eid») skipa 1863.

Det var lærar Jon Sørensen frå Sandnes som skipa laget. Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i skog og mark var vanlege aktivitetar.

Turngruppene heldt til i ungdomshuset «Fram». Huset vart bygd i 1895 av losjane i byen, og overteke av turngruppa i 1913. Dameturn kom i gang i 1915.

Turnkvinner defilerer gjennom Strandgata i Florø før eit turnstemne, truleg i 1949. Ukjend fotograf. Eigar: Alf Apneseth/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turnkvinner defilerer gjennom Strandgata i Florø før eit turnstemne, truleg i 1949. Ukjend fotograf. Eigar: Alf Apneseth/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i skog og mark var vanlege aktivitetar. Turngruppene heldt til i Ungdoms- og idrettshuset Fram. Det første friidrettstemnet i 1894 hadde øvingane hopp, balansegang, klatring og manualløfting på programmet. I 1907 vart Florø Stadion opparbeid, og lagshytta vart bygd i Grytadalen 1931.

Idrettshallen i Florø vart bygd i 1976 og avløyste «Fram» som treningslokale. Florø fekk storhall i 2005: Florø Idrettssenter. FT&IF har sidan 1982 stått som tilskipar av maratonløpet «Rett Vest», og har frå 1994 arrangert det store internasjonale friidrettsstemnet Florø Friidrettsfestival.

Fleire idrettsfolk frå Florø Turn & IF har nådd nasjonalt toppnivå - mellom desse friidrettsutøvarane Magne Føleide (sjå Kjende personar i Vågsøy fødde år 1880-1940), dottera Eli Føleide (sjå Kjende personar i Flora), Jostein Aukland og Eivind Stavang, (sjå desse under Kjende personar i Flora fødde år 1940-1960)

Florø stadion. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø stadion. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010