Hopp til innhold
X
Innhald

Flysamband og lufthamna i Florø

Eit DAT-fly har nett landa på Florø Lufthamn. Danish Air Transport hadde konsesjon på flyging til og frå Florø frå 2003 til 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Eit DAT-fly har nett landa på Florø Lufthamn. Danish Air Transport hadde konsesjon på flyging til og frå Florø frå 2003 til 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Statua av Thor Solberg ved flyplassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statua av Thor Solberg ved flyplassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utanfor inngangen til Florø Lufthamn står Flora sin store son, flypionéren Thor Solberg, på sokkel. Florø var også den første staden i fylket som fekk flyrute. Det skjedde på 1930-talet, og alt i 1956 vart dei første spadestikka tekne for flyplass i Florø.

Sjøflyrutene

Dei første flyrutene i Sogn og Fjordane starta i Florø på 1930-talet – rett nok ikkje som faste anløp, men «on request» når passasjerar skulle til og frå. Kystruta med sjøfly mellom Bergen og Trondheim landa då på Florevika. Olav Sande - forretningsmannen, var ekspeditør etter krigen, og hadde m.a. ansvar for vaktbåten som skulle halde båttrafikk unna når flya skulle lande og lette.

Før flyplassen kom i 1971, var det også mykje passasjertrafikk med avisflya som dagleg frakta Bergens Tidende frå Bergen til fylket. Det var selskapet Westwing som hadde avisruta nordover kysten, og folk kunne få reise med desse sjøflya dersom det var plass om bord.

- Les elles om Rognaldsvåg Aerradio under Florø Radio.

Flyplassplanar i 1956

Under sildeåra på 1950-talet lanserte den flyinteresserte byingeniøren Arne Bengtsen planar om flyplass. Bengtsen kom frå ei stilling i Luftfartsverket og var ”flyminded”, som ein sa om flyinteresserte på den tida. Liknande lokale flyplassplanar hadde Måløy, der dei tenkte på å byggje flyplass på Breimyra på fjellet like ovanfor Måløy (sjå Samferdsle i Vågsøy).

Flyplass i Havreneset?

Kommunane Kinn og Florø såg føre seg at Vestlandske Luftfartsselskap kunne trafikkere ein småflyplass i Florø med nye småflytypar som berre trengde 800 meters rullebane. Flyplasskomitéen under leiing av Olav Kolle la fram planar for flyplassen i februar 1956. Kommunaldepartementet godkjende finansieringa, og arbeidet med flyplassen i Havreneset vart starta hausten 1956. Planen var at sjøflyruter skulle frakte passasjerar frå andre kantar av fylket til flyplassen i Florø. Sjøflyhamna skulle liggje i Gunhildvågen like ved flystripa.

Florø Lufthamn sett frå lufta. Foto: Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten.

Florø Lufthamn sett frå lufta. Foto: Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten.

I første omgang tok ein sikte på å byggje ei rullebane på 400 meter, med høve til utviding til 1800 meter.

Arbeidet utsett

Arbeidet vart stoppa i desember same år då det viste at Vestlandske Luftfartsselskap ikkje fekk godkjent Twin Otter-fly til vinterflyging. Ein del av den planerte flystripa vart seinare brukt til Industrivegen. Men ein kommunal flyplasskomité leia av Atle Standal arbeidde vidare med saka. Dei freista å halde Florø i posisjon for å kome med på planar som Staten la for utbygging av flyplassnettet i Noreg. Men i ein plan for norske stamflyplassar som vart lagt fram i 1964, hamna Florø langt nede på lista. På Vestlandet kom berre Sola, Flesland og Vigra med.

Florø Lufthamn

Men ikkje så lenge etter baud det seg ein ny sjanse: På 1960-talet heitte samferdsleministeren i den borgarlege samlingsregjering til Per Borten Håkon Kyllingmark. Han kongstanke var å byggje ut eit tettmaska nett med kortbaneplassar for lettare fly enn dei som kravde lange rullebaner på stamflyplassar. Småflyplassane til Kyllingmark vart av vittige tunger straks kalla ”Kyllingmarker”. I 1969 vedtok Stortinget at det skulle byggjast tre småflyplassar mellom stamflyplassane i Bergen og Ålesund: Sogndal, Florø og Ørsta/Volda. Flyplassen i Florø vart opna den 28. juli 1971 av samferdsleminister Reiulf Steen.

Widerøes Flyveselskap ASA

Widerøes Flyselskap fekk konsesjon på vestlandsrutene og hadde heilt fram til 1999 hovudbasen sin for Vestlandet i Florø. Selskapet flytta då hovudbasen sin i Sør-Noreg til Gardermoen.

Inngangen til Florø Lufthamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangen til Florø Lufthamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coast Air og DAT og Widerøe igjen

I 1999 vann selskapet Coast Air tilbodskonkurransen om flyrutene til og frå Florø, medan Widerøe framleis fekk trafikken på dei øvrige småflyplassane i fylket, og la basen sin til Førde Lufthamn på Bringeland. Frå 1. april 2003 overtok flyselskapet Danish Air Transport rutene til og frå Florø. Selskapet dreiv ruter til og frå Oslo og Bergen, frå 2012 også til og frå Stavanger. Men i 2012 vann Widerøe tilbake konsesjonen på ruteflyging til og frå Florø. Det førde til at selskapet flytta den tekniske basen sin tilbake frå Førde Lufthamn Bringeland til Florø Lufthamn. I 2013 oppretta selskapet Airwing ei rute mellom Florø og Stavanger med eit fly som tek ni passasjerar.

Helikopterbase i Florø

Oljeverksemda i Nordsjøen og oljebasen på Botnaneset gjorde at det vart bygt helikopterhamn ved Florø Lufthamn i 1994. Selskapet CHC Norway etablerte seg med base og frakta oljearbeidarar til og frå ein del av plattformene i Nordsjøen. I 2010 vart basen utvida då oljeselskapet GDF Suez Norge inngjekk kontrakt med CHC Norway om flyging til sine aktivitetar på Gjøa-feltet.

Dette helikopteret til CHC Norway fraktar oljearbeidarar mellom Florø og oljefelta. Pressefoto.

Dette helikopteret til CHC Norway fraktar oljearbeidarar mellom Florø og oljefelta. Pressefoto.

Forlenga rullebane

I år 2000 vart rullebana på flyplassen utvida frå 800 til 1199 meter. (Sjå elles historia om dei andre flyplassane og flyselskapa under kommunane Gloppen, Førde, Gaular og Sogndal).

Statue av flypionér

Ved flyplassen vart det i 1986 reist ei statue av flypioneren Thor Solberg (1893-1967) på Årebrot.

Frå opninga av redningshelikopterbasen i Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Frå opninga av redningshelikopterbasen i Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Base for redningshelikopter

Etter sterke krav m.a. frå oljeindustrien og fiskeflåten gjorde Stortinget i 2002 vedtak om at det skulle skipast base i Florø for eit redningshelikopter for Vestlandet innan 2008–2010. Florø vann basen i kappestrid med Vigra på Sunnmøre. I 2007 kunngjorde Justisdepartementet at basen skulle vere i drift i regi av Forsvaret frå 2008, men basen vart først opna i september 2009. Basen kosta 70 millionar kroner og har eitt Sea King-helikopter ståande i døgnberedskap.

Tårnet og litt av rullebana sett frå sjøsida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tårnet og litt av rullebana sett frå sjøsida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2013