Hopp til innhold
X
Innhald

Forretnings- og industrimannen Olav Sande

Olav Sande. Privat foto.

Olav Sande. Privat foto.

Olav Sande vart ein av dei store og mest allsidige forretningsmennene i Florø frå 2. verdskrig og i mannsalderen etter. Han var ein oppfinnsam altmogelegmann som sysla med både foto, bilsal og reisebyrå, og starta til og med sin eigen radiofabrikk.

Som ung mann hadde Olav Sande i 1931 starta fotoforretning, seinare også radioforretning i heimbygda Sandane. Her bygde han også radioapparat. Han la ned verksemda på Sandane då krigen braut ut fordi han ikkje ville hjelpe tyskarane med teknisk utstyr og reparasjonar.

Eigen radiofabrikk

I 1946 flytta Olav Sande til Florø der han bygde stort forretningsbygg og starta radiofabrikken Vest Radio, Vest Foto, ein bensinstasjon, og vart bilforhandlar med Ford-agenturet for Sogn og Fjordane. Radiofabrikken Vest Radio laga fleire hundre radioapparat under varemerket "Stad", men vart lagd ned etter ein brann i 1952. Eit anna Sande-selskap; A/S Momentan, vart skipa for å produsere eit sjølvkonstruert kombiapparat med høgttalande telefon og radio i eitt.

Starta reisebyrå

Den allsidige Sande hadde også planar om koffertfabrikk. Han starta urmakarforretning i Florø, og Sande Reisebyrå med kontor både i Florø og Alta. Sande Reisebyrå var i drift til slutten av 1980-talet. Olav Sande hadde også ekspedisjonen av sjøflyrutene som trafikkerte Florø før småflyplassen vart opna i 1971 (sjå "samferdsle").

Ford-annonse rundt 1960.

Ford-annonse rundt 1960.

Ford-forhandlar

Utanom Florø vart nok Olav Sande best kjend som bilforhandlar: Som Ford-forhandlar var Olav Sande A/S i mange år den nest største bilforretninga i fylket etter Volkswagen-forhandlar Erling Berge i Førde (sjå Førde kommune). I 1971 flytta bilforretninga inn i stort nybygg på Evja; Sande Bilsenter AS, som i 1992 vart overteke av Ludvig Langedal frå Eikefjord og fekk namnet Autoforum Florø AS. I Olav Sande sitt tidlegare ”hovudkvarter” ved Firdavegen dreiv sonen Odd Sande vidare med sal av bruktbilar, og hans son, Tor Olav Sande, har seinare teke over denne forretninga under firmanamnet Sande Trading.

Firdavegen 30, der Olav Sande hadde basen sin fram til 1971. No held verksemda Mekanico til der. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firdavegen 30, der Olav Sande hadde basen sin fram til 1971. No held verksemda Mekanico til der. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009