Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen

Hjørnevikbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjørnevikbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fleire omreisande skreppehandlarar på 1800-talet som kom frå andre landsdelar, slo seg ned som kjøpmenn i bygdene i Sogn og Fjordane. Mange kjende handelsslekter i fylket stammar frå slike kreppekarar - m.a. Fønstelien i Måløy, Hylderås i Jølster, og kjøpmannsslektene Hjørnevik, Storevik, Lillevik, Bolstad og Evanger i Florø.

Skreppekaren Hans Heljeson Hjørnevik kom frå Voss. I 1854 fekk han kjøpt tomt i Florø av eigaren på Flora gard. Hjørnevik fekk handelsborgarskap og starta i 1861 landhandleri og skipshandel. I 1870 bygde han den kjende Hjørnevikbua og dreiv fiskebruk. Han eigde óg eit par galeasar. Då silda svikta langs vestlandskysten, dreiv han fiske og fiskehandel på Nord-Noreg.

Økland Libris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Økland Libris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Familiegreinene til den gamle skreppekaren driv i andre bransjar enn det Hans Heljeson Hjørnevik starta med då han slo seg ned i Florø på 1850-talet, men den gamle skreppa hans kan du framleis sjå på Kystmuséet.

Bokhandel og klesbutikk

Frå Hans Heljeson Hjørnevik stammar Økland-familien som m.a. starta Florø Bokhandel A/S i 1924. Økland hadde ei tid også ein filial i Svelgen. I dag heiter bokhandelen i Florø Økland-Libris, og i 2001 overtok dei den store bokhandelen til Huus Libris i Førde. Økland-familien starta også Combi Matsenter (sjå nedanfor) i Florø. Ei anna slektsgrein satsa på klesbutikkar: I Florø vart den første starta i 1966 av Hjørdis Eliassen. Då ho døydde i 1974 overtok sonen Bjørn Eliassen. Han sette opp nybygg i Strandgata i 1979. I 1982 starta han avdeling i Førde. I dag held denne butikken til i Handelshuset sør. Klesbutikkane er tilslutta Vic-kjeden. Det er brørne Bjørn og Dag Eliassen som eig den kjende Hjørnevikbua frå 1870 i Florø sentrum.

Klesforretninga Vic Eliassen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klesforretninga Vic Eliassen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Combi Matsenter

vart starta av Økland i 1969 i Florø sentrum. På 1970-talet dreiv Combi Matsenter også ei avdeling i Fokusgården i Førde. På 1970-talet gjekk Økland saman med grossistfirmaet Sigurd Nybø (sjå Grosserar Sigurd Nybø) og Vestlandsbanken om å byggje eit større forretningsbygg i den nye bydelen Krokane. I bygget vart det plass til ei avdeling av Combi Matsenter og ein filial for Vestlandsbanken. På slutten av 1980-talet kjøpte og dreiv Hermann Bruheim ei tid daglegvarebutikken i Krokane. I 1994 kom den bergensbaserte daglegvarekjeden Drageset Spar inn på eigarsida av butikken i Krokane. Frå 2003 er også Combi Matsenter i bykjernen i Florø innlemma i Drageset-kjeda ved at Økland og Drageset eig ein halvpart kvar. I 2012 vart daglegvarebutikken i Strandgata modernisert og vart ein del av Spar-kjeda, med namnet Spar Florø. Forretninga har 21 tilsette.

Drageset Spar i Krokane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Drageset Spar i Krokane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2012