Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Hjørnevik

Hjørnevikbua (til høgre) er i dag serveringsstad med lekter for uteservering. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjørnevikbua (til høgre) er i dag serveringsstad med lekter for uteservering. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fleire omreisande skreppehandlarar på 1800-talet som kom frå andre landsdelar, slo seg ned som kjøpmenn i bygdene i Sogn og Fjordane.

Mange handelsslekter i fylket stammar frå slike skreppekarar - m.a. Fønstelien i Måløy, Hylderås i Jølster, og kjøpmanns-slektene Storevik, Lillevik, Bolstad, Evanger og Hjørnevik i Florø.

Øklandfamilien

Frå skreppekaren Helje Heljeson Hjørnevik stammar Økland-familien som m.a. driv bokhandelen Økland-Libris i Florø og Svelgen, og som frå 2001 overtok Huus Libris i Førde.

Økland-familien starta også Combi Matsenter, som ei tid også hadde avdeling i Fokusgården i Førde. Ei anna slektsgrein driv klesbutikk.

Den tidlegare skipshandelen til Hjørnevik i Strandgata 28 er i dag gåveforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare skipshandelen til Hjørnevik i Strandgata 28 er i dag gåveforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Starta med skipshandel

Stamfaren Helje Hjørnevik kom til Florø i 1854 og fekk kjøpt tomt av eigaren på Flora gard. I 1861 starta han landhandleri og skipshandel. I 1870 bygde han den kjende Hjørnevikbua og dreiv fiskebruk, og åtte eit par galeasar. Då silda svikta, dreiv han fiske og fiskehandel på Nord-Norge. Familiegreinene til den gamle skreppekaren driv altså i andre bransjar enn Helje starta med i då han slo seg ned i Florø på 1850-talet, men den gamle skreppa hans kan du framleis sjå på Kystmuseet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2010