Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal

Mads Henrik A. Standal (t.h.) saman med Ole E. Aaserud. Foto utlånt av Odd Standal.

Mads Henrik A. Standal (t.h.) saman med Ole E. Aaserud. Foto utlånt av Odd Standal.

Mads Henrik A. Standal var ein av dei mest allsidige forretningsmennene i Florø i etterkrigstida. Han starta i 1919 som medeigar og dagleg leiar av Landbruk Maskin-aksjeselskap. Firmaet selde m.a. plogar og andre landbruksmaskinar – og komfyrar då elektrisiteten kom. I tillegg til utsal og kontor, leigde firmaet også den kjende «Ørenbua» som no er teken vare på ved Kystmuseet.

Mads Henrik A. Standal trekte seg ut av «Landbruk» i 1943 og starta for seg sjølv med maskinforretning og anna handel.

Ankerløkken

Standal fekk m.a. hand om store eigedomar i Hesteneset. Det var mykje gjennom forretningskontakta med Mads Henrik A. Standal at industrimannen og eigaren av Ankerløkken, Ole E. Aaserud, satsa på skipsbygging i Florø på slutten av 1940-talet. Det var på ein eigedom som Standal disponerte i Hesteneset at Aaserud bygde skipsverftet. (Sjå Ankerløkken Verft.)

Tankanlegget til Standal på Nygård. Foto: Odd Standal.

Tankanlegget til Standal på Nygård. Foto: Odd Standal.

Tankanlegg

Sjølv bygde Standal stort tankanlegg for bensin og fyringsolje og vart forhandlar for Norsk Brendselolje.

Forretningsbygget til Standal på 1950-talet. Foto: Odd Standal.

Forretningsbygget til Standal på 1950-talet. Foto: Odd Standal.

Sonen Odd Standal gjekk inn som kompanjong i forretninga og kjøpte i 1948 Ørenbua, som det heile hadde starta i. Her vart det drive jernvarehandel, sportsforretning og sal av fiskeutstyr. Dei dreiv også import av Singer symaskiner og mjølkemaskiner. Ei tid hadde forretninga stor omsetning av straumleidningar og jernrøyr til lokale kraftverk og vassverk.

Standal med stand på ei landbruksmesse på Austlandet. Foto: Odd Standal.

Standal med stand på ei landbruksmesse på Austlandet. Foto: Odd Standal.

Bilforhandlar

I 1950 bygde Standal stort forretningsbygg i Firdavegen (det som no er ombygd til Sunnfjord Medisinske Senter). Her dreiv han og sonen Odd bensinstasjon, bilverkstad og bilforretning. Dei forhandla kjende traktormerke som firhjulingen Bautz og tohjulingen Motrac, bilmerka Skoda og SAAB og ei tid også Morris og Austin. Dessutan lastebilmerket International. På det meste hadde Standals forretningar 23 tilsette. Mads Henrik A. Standal dreiv forretningane heilt til 1980-talet, medan sonen Odd trekte seg ut då han gjekk over i ei kommunal stilling.

Sunnfjord Medisinske Senter held i dag til i det tidlegare forretningsbygget til Standal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Medisinske Senter held i dag til i det tidlegare forretningsbygget til Standal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010