Hopp til innhold
X
Innhald

Første sjølvbetjeningsbutikken i fylket

I dette huset heldt Langedal-butikken til fram til det vart bygt nytt forretningsbygg på andre sida av vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK

I dette huset heldt Langedal-butikken til fram til det vart bygt nytt forretningsbygg på andre sida av vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Ludvig Langedal starta i 1919 landhandel i Eikefjord, der han leigde og seinare overtok Svarthumles forretning. I 1924 bygde han sjøhus.

Langedal starta tønnefabrikk i Eikefjord ca. 1946, og hadde i dei beste sildeåra på 1950-talet 14 tilsette. Sonen Arnljot Langedal tok over og dreiv fabrikken fram til 1966, og starta i 1967 det som truleg var den første sjølvbetjeningsbutikken i Sogn og Fjordane.

Arnljot overlet drifta til sonen Ludvig Langedal jr. i 1979. Ludvig jr. hadde vore dagleg leiar i Olav Sandes bilforretning i Florø, og tok over som Ford-forhandlar i byen i 1992. I 1997 overtok Langedal som Ford-forhandlar i Førde og vart dermed Ford-forhandlar for heile Sogn og Fjordane.

Etter ein kort periode med utleige av daglegvarebutikken i Eikefjord, tok Ludvig Langedal jr. over butikkdrifta att i 2004. Butikken vart ein del av ICA-kjeda. I 2007 kjøpte Langedal bilfirmaet Førde Bil Partner, og fekk etter dette oppkjøpet til saman 40 tilsette.

ICA Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

ICA Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009