Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet på Sørstrand

På dette flyfotoet ser vi Sørstrand til venstre for enden av flyplassen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

På dette flyfotoet ser vi Sørstrand til venstre for enden av flyplassen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

På Sørstrand på sørsida av Floralandet vart det frå desember 1942 rigga til eit fort med to 75 mm kanonar, ei 50 mm og ei 25 mm kanon, forutan to 20 mm luftvernkanonar. Fortet vart forlate av tyskarane like før krigen tok slutt.

Drepne under minerydding

Kring fortet og nordover i området der flyplassen ligg i dag vart det lagt ut åtte minefelt med i alt 2753 miner. Under rydding av miner etter krigen vart ein tyskar og ein nordmann hardt skadde ved ein eksplosjon, og ved eit anna høve miste to tyske soldatar livet.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010