Hopp til innhold
X
Innhald

Fotballklubben «Ready»

G15-laget til Florø Sportsklubb markerte seg som eitt av dei beste i landet i sin årsklasse i 2009.

G15-laget til Florø Sportsklubb markerte seg som eitt av dei beste i landet i sin årsklasse i 2009.

Fotballklubben "Ready" vart skipa i 1931 som eit resultat av kløyvinga i den norske idrettsrørsla ved skiping av Arbeidernes Idrettsforening - AIF.
I 1936 vart Ready omdøypt til «Atgeir». Det var den klassemedvetne og radikale ungdomen som søkte til Ready/Atgeir. Den same klassedelinga i to idrettslag finn ein også i Høyanger i mellomkrigstida, med «Høyang» for dei «borgarlege» og arbeidarane i. «Atgeir» vart meld inn i Arbeidernes Idrettsforbund. Arbeidarklubbane spela berre mot kvarandre, og menga seg ikkje med dei som sto tilslutta Fotballforbundet. «Atgeir» starta seinare med roing og boksing. Norsk idrettsrørsle vart samla att i 1945, og Atgeir og Florø-Varg gjekk inn i Florø Sportsklubb (FSK).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.06.2010