Hopp til innhold
X
Innhald

Frøyen & Frøyen AS

Skanska Norge si avdeling i Florø, tidlegare Frøyen & Frøyen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skanska Norge si avdeling i Florø, tidlegare Frøyen & Frøyen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøyen & Frøyen AS entreprenørselskap vart starta i Kalvåg i 1957 av Arne O. Frøyen og brørne Ola og Åsmund Frøyen. Arne O. Frøyen var dagleg leiar i firmaet som vart bygt opp til det største entreprenørselskapet i ytre Sunnfjord med 64 tilsette på det meste.

Kjende bygg som Frøyen & Frøyen hadde hovudentreprisen på var Frøyen skule, ungdomsskulebygga i Svelgen og Askvoll, Krokane skule, Ragnarrud-prosjektet i Florø tidleg på 1970-talet, store byggjeoppdrag ved smelteverket i Svelgen, Åsegarden sjuke- og aldersheim i Krokane, sparebankbygget i Florø, og politistasjonen og forretningsbygget til Sig. Nybø like ved Fugleskjerskaia.

I 1976 flytta Frøyen & Frøyen hovudkontoret sitt til Florø. Ola Frøyen trekte seg ut av firmaet i 1981. I 1984 slutta Arna O. Frøyen som dagleg leiar og trekte seg ut av selskapet. Same året vart Frøyen & Frøyen omgjort til aksjeselskap med sønene til Arne, Dagfinn og Frode Frøyen, som eigarar.

I 1994 gjekk Dagfinn Frøyen ut av selskapet og starta eige byggefirma. Han hadde også mange oppdrag som byggeleiar for Bremanger kommune. I 1997 gjekk han inn i entreprenørselskapet Jon Strømsnes AS og vart medeigar og dagleg leiar i dette firmaet.

Broren Frode Frøyen og svogeren Agnar Steindal selde Frøyen & Frøyen AS i 1996 til det landsomfemnande entreprenørselskapet Selmer. Selmer har sidan gått inn i Skanska Norge AS som framleis har base på Evja for si verksemd i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009