Hopp til innhold
X
Innhald

Fugleskjærskaia og hurtigruta

Fugleskjærskaia vart bygd på Fugleskjera og vart opna i 1919. Alt i 1895 vart hamna skjerma med ein molo frå Florelandet til skjera.

Hurtigruta langs Norskekysten frå Trondheim til Hammerfest vart starta i 1893 då D/D «Vesteraalen» gjekk nordover frå Trondheim med Richard With som kaptein. I 1898 fekk hurtigruta det tredje skipet i flåten. Dermed kunne ein forlenge ruta heilt sørover til Bergen. Før Fugleskjærskaia kom, måtte hurtigruta og andre større ruteskip som trafikkerte langs kysten, ekspederast frå robåtar på Florevika.

Hurtigrutestopp frå 1910

Florø fekk hurtigrutestopp kring 1910, medan Måløy hadde fast anløp frå 1893. Kristian Jansen og familien hans har hatt ekspedisjonen av hurtigruta sidan 1917. I 1937 vart kaia utvida for å gje plass til Florø Kjølelager. Anlegget vart på 1960-talet leigd av Måløy-firmaet Skaar & Co - seinare Skaarfish - då dei etablerte seg i Florø. Skaarfish overtok kjølelageret i 1978. Bygningen vart riven etter at Skaarfish flytta til nytt produksjonsanlegg i Gunnhildvågen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2008