Hopp til innhold
X
Innhald

Furesundet fekk første rutestopp

Den første regulære rutefarten langs kysten starta då Staten sette opp ei postførande dampskipsrute mellom Bergen og Trondheim i 1843. Ruta vart trafikkert av hjuldampskipet «Nordcap».

Skipet ankra opp i Furesundet og leverte og tok imot post frå bordingsbåt. Frå Furesundet vart det sett opp ei såkalla bipostrute innover til Førde, der både fut og sorenskrivar hadde embetsgardane sine.

Postruteskipet D/S «Nordcap»

«Nordcap» var opphaveleg bygd som Noregs første motordrivne krigsskip i 1840. Då vart skipet utstyrt med kanonar, og hadde også segl. Men det viste seg at dei store skovlhjula skapte problem for kanonstillingane på breisida, og ristinga som hjula førde med seg, gjorde det vanskeleg å treffe målet når ein fyrte av. Men «Nordcap» eigna seg derimot framifrå som postskip på vestlandskysten. (Skipet vart selt til private i 1872 og gjekk i rutefart Kristiansand-Bergen- Trondheim, og seinare mellom Kiel og Trondheim. «Nordcap» sokk i 1877.)

Les meir om postrutene under Posten i Flora, og om fylkesbaatrutene til Furesundet seinare i Ferdsla på sjøen i Flora.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.05.2008