Hopp til innhold
X
Innhald

Futesete og adelsgods

Den staselege hovudbygningen på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den staselege hovudbygningen på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at den dansk-norske kongen kverrsette alt kyrkje- og klostergods ved reformasjonen i 1537, gjekk det ikkje lenge før storgarden på Bru vart sete for futen i Sunnfjord.

Men Kongegodset vart dei første åra bygsla m.a. av Hans Finsøn Rostvig. Frå 1575 vart garden futegard for Sunnfjord, og avløyste dermed Fure i Fjaler for ei tid (sjå Historia i Fjaler).

Dei første futane på øya Bru var Laurits Skjøt, Peder Due og Nils Busch. Men også stiftsskrivar Anders Matsen fekk bruke Bru som embetsgard i 14 år før København-bispen Hans Svane overtok.

I hovudhuset på Svanøy er det mange døme på velstanden til futane som budde på Svanøy. Denne lysekruna heng i stova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I hovudhuset på Svanøy er det mange døme på velstanden til futane som budde på Svanøy. Denne lysekruna heng i stova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øya Bru vert adelsgodset Svanøy

I 1662 fekk den mektige og søkkrike erkebispen av København, Hans Svane, storgarden på Bru og 339 gardar i Sunnfjord attåt av kong Fredrik III som oppgjer for lån som bispen hadde ytt til den krigslystne kongen. Kongegodset i Sunnfjord utgjorde då 40 prosent av samla jordskuld, og hadde 759 leiglendingar. Svane fekk også rett til å drive inn kongens tiende i heile Sunnfjord.

Hans Svane døydde i 1668, og enkja, Marie Fiuren Svane styrde eigdomane til 1698. I 1685 fekk ho kong Christian V til å gjere godset til adeleg setegard, og endra namnet frå Bru til Svanø (etter mannen sin, Hans Svane).

Birkerett og lokalt einevelde

Birkerett og lokalt einevelde

Mellom privilegia som høyrde til setegardar, var birkeretten. Denne rettsordninga gav godseigaren nærmast eineveldig makt over leigledningane sine. M.a. fungerte birke-tinget som domstol, der godseigaren både oppnemnde domar (måtte godkjennast av kongen) og dreiv inn bøtene som vart målte ut. Domstolen var i praksis heilt i lomma på godseigaren, for oftast var det nære slektningar som fekk ombodet. Både på Svanøy og elles førte dette til mykje vanstyre og overgrep mot vanlege folk.

Ifylgje historikaren Ernst Sars kom birkeretten frå Danmark og var ei ukjent ordning i Norge før 1660. På Vestlandet var det elles berre baroniet i Rosendal, Lysekloster og Halsnøy kloster som hadde birkeretts-mynde.

Birkedomarordninga på Svanøy varde til 1821, då den vart slegen saman med sorenskrivarembetet for Sunnfjord. Fram til då hadde altså Sunnfjord to domstolar. På rettstinga kringom i bygdene møtte både sorenskrivaren og birkedomaren til Svanøy-godset opp og sorterte sakene seg imellom. Men ofte var det bitter strid dei imellom om kven som hadde domsrett til kva. Fram til 1718 eigde Svanes arvingar Svanøy-godset, men ingenting viser at nokon av Svane-folket vitja Svanøy. Godset vart styrt av forvaltarar som ofte for hardt fram med undersåttane.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2010