Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesbaatane til Florø i 1986

Administrasjonsbygget til Fjord1 i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsbygget til Fjord1 i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Like ved Fugleskjerkaia bygde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane nytt administrasjonsbygg i 1986 då hovudkontoret vart flytta frå Bergen til Florø.

Fylkesbaatane inn i Nordvestlandske

Fylkesbaatane slo seg i 2002 saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) til eitt konsern under namnet Nordvestlandske AS (NVL). Dei andre selskapa i konsernet er Nordfjord og Sunnmøre Billag, Sogn Billag, Ottadalen Billag og Mørebil.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane og Møre og Romsdal fylkeskommune 41 prosent. I 2002 hadde Fylkesbaatane 36 eigne farty og 500 tilsette.

Inngangspartiet til Fjord1-administrasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inngangspartiet til Fjord1-administrasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjord 1

Det vekte mange protestar då konsernet i 2002 vedtok å endre namn til Fjord1 - ikkje minst fordi det gamle tradisjonsrike namnet på Fylkesbaatane vekte sterke kjensler. «Kompromisset» var at båtselskapet si verksemd i Sogn og Fjordane skal vere merka «Fjord1 - Fylkesbaatane». Fjord 1-konsernet hadde i 2002 til saman 2300 tilsette, og omsette for omlag 1,7 milliardar kroner.

Verkstaden til Fjord1 Fylkesbaatane held til i eit industribygg selskapet har kjøpt i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verkstaden til Fjord1 Fylkesbaatane held til i eit industribygg selskapet har kjøpt i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010