Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesbaatrutene

Fjordglytt syter for at folk på øyane har godt samband med Florø og omverda elles. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordglytt syter for at folk på øyane har godt samband med Florø og omverda elles. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den øyrike og oppdelte Flora kommune har truleg «fylkesrekord» i tal stoppestader for Fylkesbaatane: Kring 1920 hadde Fylkesbaatane i alt 186 stoppestader, og av desse låg 19, eller godt over tiandeparten, i noverande Flora storkommune.

Rutesenteret Florø

Florø vart stoppestad for Fylkesbatane frå dei vart skipa i 1858 Etter kvart som det lokale rutebåtnettet innover fjordane vart organisert, vart Florø ei av dei viktigaste hamnene til Fylkesbaatane. Frå ca. 1878 til midt på 1960-talet nytta Fylkesbaatane den såkalla Fylkeskaia midt i byen til ekspedisjonskai. Frå 1914 til 1967 var det firma Hopen & Solheim (skipa av Karl Hopen og Simon Solheim) som ekspederte båtane på Fylkeskaia.

Frå midten av 1960-talet har Fylkesbaatane halde til på Fugleskjerkaia. Det gjorde også ferja Florø-Smørhamn og dei mange hurtigbåtrutene som trafikkerer øyane i Flora m.a. med skuleskyss. Fylkesbaatane starta ekspressbåtruter i 1970. Ekspressbåten Bergen-Nordfjord legg til ved Fugleskjerkaia.

Innseglinga til hamna i Rognaldsvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innseglinga til hamna i Rognaldsvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kinn

er teke med i eit oversyn over stoppestader for Fylkesbaatane i 1868. Frå 1890-talet vart Kinnesund trafikkert av dampskipet «Balder». I 1913 vart ekspedisjonen flytta til Rognaldsvåg på austsida av Kinnasundet, på øya Reksta.

Kinnasundet

– sjå Kinn.

Rognaldsvåg

– sjå Kinn.

Kvalstad

på Svanøy fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1868. Seinare vart stoppestaden Svanøybukt. Den same namneendringa kom for postkontoret på øya.

Svanøybukt

– sjå Kvalstad.

Svanøybukt kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøybukt kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

«Hornelen»-forliset ved Svanøy

I romjula 1915 forliste d/s «Hornelen» då han støytte på eit skjer ved Svanøy og sokk. Båten kom i rute frå Førde og hadde 27 passasjerar ombord då den gjekk på skjeret ved innseglinga til Svanøybukt. Båtsmann Ole Stien frå Eivindvik i Gulen omkom. 12 av passjerarane vart berga av ein lokal robåt, medan resten av passasjerar og mannskap hamna i den iskalde sjøen, og måtte stå på eit lite skjer til rutebåten «Balder» kom til og berga dei.

Tansøy med den velkjende profilen til Alden i sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tansøy med den velkjende profilen til Alden i sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tansøy

fekk rutestopp i 1868, og vart kopla inn på ei nordfjordrute i 1877.

Eikefjord

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877. Bygda vart saman med Svortevik og Florø kopla inn på ei rute til Nordfjord.

MB Høydalsfjord ved kai i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

MB Høydalsfjord ved kai i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svortevik

fekk stjernestopp i 1877 og vart fast stoppestad i 1890. Dei første åra vart fylkesbaaten borda på sjøen ute ved holmane. I 1912 fekk Svortevik kai.

Kaia i Svortevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia i Svortevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Batalden

fekk rutestopp i 1887. Truleg var dette ein ekstra rutestopp i samband med fisketransport. Frå slutten av 1890-talet fekk øya faste ruter av rutebåten Balder, og frå 1903 vart Batalden teken opp i vinterrutene.

Hopen

i Høydalsfjorden fekk rutestopp i 1887, og som såkalla stjernestopp frå 1890.

Norddalsfjorden

fekk rutestopp frå 1892, då rutebåten «Balder» tok ein tur i veka. Norddalsfjordruta vart utvida med ein ekstra tur i veka i 1904, men krav om fleire ruter enn desse to vart ikkje innfridd.

Skorpa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skorpa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skorpa

fekk rutestopp frå ca. 1893 og kom med fast på rutenettet i 1900.

Stavang

fekk rutestopp tidleg på 1890-talet. I 1894 finn vi Nicolai Haave som ekspeditør.

Stavang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stavang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leversund

ved Eikefjorden fekk rutestopp i 1893.

Hovden

- også kalla Hovdevåg - kom inn som stoppestad på lokalruta som vart sett opp med dampskipet D/S «Balder» på slutten av 1890-talet. Balderruta gjekk mellom Florø og Bremanger og øyane i Kinn.

Kaia i Hovdevåg. Foto frå TV-reportasje: Torje Bjellaas, NRK.

Kaia i Hovdevåg. Foto frå TV-reportasje: Torje Bjellaas, NRK.

Haukåsund

fekk rutestopp i 1898. Rutene dit vart avvikla då ferjestrekninga Haukå-Bjørnset vart starta i 1966 i samband med vegopninga mot Svelgen.

Barekstad

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1899.

Litle-Høydal

fekk rutestopp i 1900. Frå 1940 og til nokre år etter krigen hadde også Store-Høydal rutestopp av den lokale fylkesbaatruta i Høydalsfjorden.

Store-Høydal sett frå Breiskora på veg opp mot Høydalsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Store-Høydal sett frå Breiskora på veg opp mot Høydalsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Store-Høydal

– sjå Litle-Høydal.

Holmesund

fekk såkalla stjernestopp på rutene i Høydalsfjorden frå 1900, og fekk like etter status som faste stoppestad.

Nyttingnes

fekk såkalla stjernestopp på båtrutene i 1911, og vart litt seinare fast stoppestad.

Barlindbotn

fekk rutestopp frå 1914.

Osen

i botnen av Høydalsfjorden fekk rutestopp på 1950-talet.

Bjørnset og Haukå

hadde ferjekaier frå Magnhildskartunnelen og sambandet til Svelgen opna i 1966 og til Norddalsfjordbrua gjorde ferjestrekninga overflødig i 1987.

Over sundet mellom øyane Askrova og Tansøy (til venstre) er det bygt ei bru som kan hevast og senkast etter behov. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Over sundet mellom øyane Askrova og Tansøy (til venstre) er det bygt ei bru som kan hevast og senkast etter behov. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2010