Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle handelsstader i Flora

Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle gjestgiveri

Om «Skysskifta og gjestgiveria i Furesund og Hellevik» - sjå Samferdsle i Flora. Også i Kinnasundet var det handel og gjestgiveri, truleg frå 1600-talet. I sildetida på 1800-talet var det 49 saltebuer og losjihus kring gjestgiveriet i Kinnasundet.

På Kinn var det hollendaren H.C. Lass som dreiv gard og sjøbruk på midten av 1800-talet. Han åtte også Ytterøyane, som han seinare selde til Fyrvesenet då dei bygde Ytterøyane fyr.

Svanøy, der det har vore omfattande næringsverksemd i over 200 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy, der det har vore omfattande næringsverksemd i over 200 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Driftige haugianarar

I 1804 kjøpte haugianaren Ole Torgeirsson på Hallingdal Svanøy Hovudgard og bygde m.a. saltkokeri, skipsbyggjeri, fiskemottak, sagbruk og mølle på Svanøy. Haugianarane var også dei første som bygde saltebuder på dei ytste øyane då sildefisket tok seg opp kring Kinn frå 1811 og utover hundreåret (sjå Fiskerihistoria i Flora).

Egg- og dunvær

I 1858 fekk Samson Hovden freda nordre del av øya Hovden som egg- og dunvær. Området er framleis naturreservat. Også på Barekstad var det freda egg- og dunvær – ei verksemd og ekstrainntekt som er meir kjend i Nord-Norge enn på Vestlandet.

Hovden sett frå Lisetflona i Bremanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovden sett frå Lisetflona i Bremanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Olsen

starta 1861 handel i Florø, seinare overteke av sonen Nicolai. Ein annan son, Elias A. Olsen, vart stor skips- og fiskebåtreiar. Då Nicolai døydde overtok enkja Marie og dreiv forretninga vidare under firmanamn Olsens Enke A/S - m.a. med skipshandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.05.2010