Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Gregoriussen

Barekstad under sildefiske, truleg rundt 1920.

Barekstad under sildefiske, truleg rundt 1920.

Gregor Gregoriussen bygde i 1912 fiskemottak og sildesalteri i Barekstad. I 1913 bygde han trandamperi. I 1956 starta Gregoriussen ein liten sildolje- og fiskemjølfabrikk som vart driven heilt til 1984 av sonen Kåre.

Gregor dreiv også stort hønseri, og på 1920-talet var han ein av dei første som starta graving av skjelsand som han førde med eiga skøyte og selde til gardbrukarane innover fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010