Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Ossian Sars

Georg Ossian Sars (1837-1927) fødd i Florø, busett i Oslo. Havforskar og professor i zoologi frå 1874.

Georg Ossian Sars (1837-1927) fødd i Florø, busett i Oslo. Havforskar og professor i zoologi frå 1874.

Han skulle bli lege, men slo over på zoologi og havforsking etter inspirasjon frå faren Michael Sars. Georg Ossian Sars gjorde banebrytande forsking på vandrings- og gytemønsteret til sild og andre fiskeartar, og leia m.a. den store Nordhavsekspedisjonen 1876-1878. Hans største zoologiske arbeid er likevel granskinga av krepsdyr i Norskehavet. Avhandlinga illustrerte han med eigne teikningar, og den er eit standardverk i internasjonal zoologi.

Norske havforskingsfarty har seinare fått hans namn «G. O. Sars». Son av Michael Sars og Maren Cathrine Welhaven Sars og bror til Ernst Sars. Ved 100-årsjubileet til Florø by i 1960 vart det avduka ein dobbelbyste av Ernst og Georg O. Sars. Den står no i parken ved Flora Samfunnshus.

Eitt av havforskingsskipa som har hatt namnet G. O. Sars legg til kai  i Måløy. Seinare er det bygt eit nyare skip med same namnet.

Eitt av havforskingsskipa som har hatt namnet G. O. Sars legg til kai i Måløy. Seinare er det bygt eit nyare skip med same namnet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011