Hopp til innhold
X
Innhald

Go-Fish

Go-Fish vart skipa 1996 av setjefisk-produsentane Gudmun Strømsnes (Haukå Settefisk) og Ola Braanaas (Firda Settefisk, Norddalsfjord). Selskapet kjøpte på kort tid opp store oppdretts- og setjefiskanlegg i Troms, på Sunnmøre, i Sogn og Fjordane og på Færøyane.

Gudmun Strømsnes eigde garden ved det gamle ferjeleiet på Haukå. Like ved gardstunet renn ei elv med friskt vatn ut i fjorden. Elvevatnet var grunnlaget då Gudmun Strømsnes, først i samarbeid med Kristen Strømmen frå Bremanger, starta setjefiskproduksjon.

Inne i Norddalsfjorden var Ola Braanaas saman med andre i gang med Firda Settefisk. Både Strømsnes og Braanaas sine anlegg vart etterkvart svært lønsame verksemder, og eigarane tente gode pengar. Dei starta først kvar for seg oppkjøpt av anlegg. I 1996 skipa dei selskapet Go-Fish A/S, med ein halvpart kvar. Med dette selskapet starta dei ein kvikk handlerunde. Det vart på kort tid eit av landets største lakseselskap:

I 1996-97 kjøpte Go-Fish Troms Seafarms som sat på seks matfiskkonsesjonar og to setjefiskkonsesjonar i Sør-Troms. Samstundes kjøpte dei to av dei største oppdrettsselskapa på Færøyane, Laksaling og Silaling. Same året fekk Go-Fish hand om Øyra laks i Herøy kommune og eit oppdrettsanlegg i Sande kommune, begge på Sunnmøre.

Store i eige fylke

Men likevel var oppkjøpsapetitten størst i eige fylke: I 1997 kjøpte også selskapet Haukå Settefisk oppdretts-anlegget til Bergen Fiskemat i Rognaldsvåg i Flora og Måløy-firmaet Kvalos Fiskefarm (med basis i det gamle selskapet Kvalheim & Co.). Med i Kvalos-kjøpet fylgde både mat og setjefiskkonsesjon, eit lakseslakteri på Davik (tidlegare eigd av brørne Myrvang), Vestlaks i Sande kommune på Sunnmøre og Aris Fiskefarm i Hyllestad.

Men ein like stor handel gjorde dei i Gunhildvågen i Flora, der Skaarfish eit år tidlegare hadde gått over ende: Kjell Inge Røkke hadde teke over Skaarfish, men var interessert i å selje. Skaarfish vart delt midt på: Hoddevik-brørne frå Måløy og deira selskap Global Fish kjøpte avdelinga for sild og makrell, og Go-Fish sikra seg laksedelen av anlegget.

Norway Seafarms

Men etter denne handlerunden var det på tide å rydde i namnejungelen, og på slutten av 1997 vart Go-Fish, Troms Sjøfarmer og Haukå Settefisk slegne saman under namnet Norway Seafarms. Som dotterselskap av Haukå Settefisk hadde Gudmun Strømsnes også med seg Frøylaks, Selje Havbruk og Sessalaks i Hellevik inn i Norway Seafarms.

I 1998 kom nye oppkjøpsrundar både på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane: Med kjøpet av Vanylven Stam & Settefisk fekk dei hand om to konsesjonar for matfisk, ein for stamfisk, ein settefiskkonsesjon og eit lakseslakteri, og i juli 1998 kjøpte Norway Seafarms Sognelaks i Leirvik i Sogn. På Færøyane sikra selskapet seg kontroll over halvparten av alle setjefiskkonsesjonar.

Ei tid var Domsteingruppa stor aksjonær i Norway Seafarms, man valde i 2005 å selje aksjane sine til skipsreiar John Fredriksen. I samband med omstrukturering mellom anlegga i Norway Seafarms vart det tradisjonsrike Svanøy Havbruk, som var starta av Svanøy Stiftelse på 1970-talet, lagt ned. I oktober 2005 vart Svanøy Havbruk starta opp på nytt av ei gruppe der Ola Sveen frå Svanøy, Skaar Norway (eigd av Helge Skaar – sjå Skaar & Co.) og Per Inge Tansø frå Florø er medeigarar.

Over til Pan Fish

Skaarfish-anlegget med lakseslakteri i Gunhildvågen skulle vise seg å vere dårleg forretning. Slakteriet vart stengt, og selskapet starta samarbeid med Domstein-konsernet med slakteri i den tidlegare hermetikkfabrikken ved Florø sentrum.

Våren 1999 selde Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas Norway Seafarms til Pan Fish. Strømsnes vart leiar for den norske oppdrettsdivisjonen i Pan Fish og styremedlem i konsernet, men måtte trekkje seg då Pan Fish etter økonomisk krise vart teke over av bankane DnB og Nordea i 2003. Etter dei økonomiske vanskane og omorganiseringa av Pan Fish i 2002, leigde Strømsnes to setjefiskanlegg frå det kriseråka selskapet - det eine er hans opphavlege anlegg på garden hans på Haukå, og det andre er Aris AS i Hyllestad.

Les også om: Laksehovudstaden Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008