Hopp til innhold
X
Innhald

Gravrøysene på Årebrot

Ei av gravrøysene på Årebrot. Foto: J. Mannaart.

Ei av gravrøysene på Årebrot. Foto: J. Mannaart.

Nokre av dei synlegaste minna frå dei tidlegaste busetjingstider i fylket finn vi i ytre Sunnfjord: Store helleristingsfelt i Vingen og Ausevik, og diabasgruva på Stakaldeneset.

Men også rekkja av gravrøyser frå Årebrot i Flora til nord om Botnane i Bremanger kommune. Dei over 30 gravrøysene skriv seg frå bronsealderen, og mange av dei er godt synlege frå kystleia. Les meir om dei andre fornminna under: Historia i Flora.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2010