Hopp til innhold
X
Innhald

Grosserar Sigurd Nybø

Sigurd Nybø.

Sigurd Nybø.

Sigurd Nybø A/S vart skipa i 1945 av Sigurd Nybø, og var den første engrosforretninga i Sogn og Fjordane. Nybø starta i nokre lokale i Håvågen som han overtok etter firma J. Langø - sjå dette under Industri og næring i Flora, startår 1907. -Les også under Eid kommune om grossistfirmaet Per A. Haavik på Nordfjordeid, grunnlagt i 1946.

Sigurd Nybø hadde eit mangfaldig yrkesliv bak seg som avisredaktør, kontormann og bakar før han starta som matvaregrossist. Han leigde først, men bygde seinare stort anlegg i Hesteneset med nothenge og -notbarkeri. I 1947 bygde Nybø eige kaffibrenneri.

Ved eit makeskifte med kommunen bygde han i 1969 nytt lager-og forretningsbygg like ved Fugleskjerkaia. Dette vart seinare mykje utvida.

På same vis som Haavik på Nordfjordeid, måtte Nybø gje seg som matevaregrossist i tevling mot dei nye kjedene då desse tok over matevarehandelen på 1990-talet. Forretningsbygget ved Fugleskjerkaia er no leigd ut til kontor, butikkar, ølutsal og restaurant.

Sigurd Nybø-bygget ved Fugleskjerkaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sigurd Nybø-bygget ved Fugleskjerkaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2010