Hopp til innhold
X
Innhald

Gudmun Strømsnes

Gudmun Strømsnes fødd 1949 på Haukå. Gardbrukar som på 1980-talet starta Haukå Settefisk ved elva som renn over garden. Med kapital frå dette oppdrettsanlegget starta han saman med Ola Braanaas på 1990-talet selskapet Go-Fish, som etter raske oppkjøp vart eit av dei største oppdretts- og setjefiskselskap i landet. På Færøyane fekk dei kontroll over halvparten av oppdrettsnæringa. Selskapet dreiv også fleire lakseslakteri m.a. i Florø og Davik.

I 1997 samla Strømsnes og Braanaas dei fleste selskapa sine i Norway Seafarms. Her gjekk Strømsnes sitt eige Haukå Settefisk med underselskap inn, medan Braanaas sitt Firda Settefisk med underselskap heldt seg utanfor.

I 1999 gjekk Norway Seafarms inn i Pan Fish, og Gudmun Strømsnes vart leiar for den norske oppdrettsdivisjonen, med hovudkontor i Florø. Han vart også styremedlem i det verdsomspennande konsernet, men vart saman med Arne Nore og Bjarte Tunold tvinga ut av styret etter ei gjeldskrise som nær hadde slege Pan Fish konkurs i 2003. Strømsnes, som i si tid hadde selt sine eigedomar m.a. i byte for Pan Fish-aksjar, tapte store summar.

Etter kollapsen i Pan Fish, har Strømsnes drive Haukå Settefisk og Aris AS i Hyllestad på leigekontrakt med Pan Fish. I 2003 gjekk Strømsnes inn som stor eigar i det nord-norske selskapet North Salmon som m.a. eig fleire oppdrettsanlegg i Finnmark.

(Les meir i artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011