Hopp til innhold
X
Innhald

Gunhild Bjelland

Gunhild Bjelland fødd 1942 på Stord, busett i Batalden. Lærar, politikar og eigar av Batalden Havbu.

Gunhild Bjelland fødd 1942 på Stord, busett i Batalden. Lærar, politikar og eigar av Batalden Havbu.

Ho har vore medlem av bystyre og formannskap for Venstre. Tillitsverv på fylkes- og landsplan som politikar og som tillitskvinne i Norsk Lærarlag.

Gunhild Bjelland overtok og starta i 1988 restaurering og utbygging av det gamle fiskeværet i Batalden som ferie- og kursstad. Ho arrangerer m.a. kunstkurs og driv eige galleri i dei gamle bygningane.

Hamna ved Batalden Havbu. Foto: Eivind Nordvik Hauge.

Hamna ved Batalden Havbu. Foto: Eivind Nordvik Hauge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2010