Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Søfteland

I dette huset dreiv Gunnar Søfteland landhandel frå 1953 til 1992. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset dreiv Gunnar Søfteland landhandel frå 1953 til 1992. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gunnar Søfteland starta landhandel ved Brandsøysundet i 1953. Han starta først i ein kjellar, men bygde kombinert forretnings- og bustadbygg i 1961. Saman med ektemaken Gerd dreiv han butikken til 1992.

I mellomkrigstida dreiv Ludvig Madsen frå Stavang ein landhandel ved Brandsøysundet, men han la ned under 2. verdskrig.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009