Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Mellingen

Svanøy Handel under bygging i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Handel under bygging i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Gruber - sjå Kopargruva på Svanøy dreiv landhandel i Svanøybukt. Då gruveselskapet gjekk konkurs i 1923, overtok butikkbetjent Gustav R. Mellingen landhandelen. Han var også damskipsekspeditør på øya.

Gustav overlet drifta til sonen Johan Mellingen i 1963. Han dreiv til 2000 då søstrene hans, Astrid og Karen Mellingen, tok over og dreiv i to år før dei overlet butikkdrifta til Svanøy Stiftelse.

I 2007 vart butikken utvida med nybygg. Ei tid dreiv det tyske ekteparet Wenche og Enrico Stoss butikken, men i 2011 overtok Ole Svanøe butikken med namnet Svanøy Handel.

Landhandelen som gruveselskapet dreiv. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landhandelen som gruveselskapet dreiv. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2011