Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Edvard Andersen

Hans Edvard Andersen (1862-1956), busett på Krokane. Kom til Reksta i 1905 som lærar, utdanna seg seinare til naturlege.

Starta først helseheim på Reksta, før han i 1923 bygde Solstrand Helseheim på Krokane som han dreiv etter naturmedisinske metodar fram til 1950-talet. Sjølv hadde han gått i lære ved Furuly Helseheim på Stord.

(Sjå også Sigvart Høines i Eid kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008