Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Finsøn Rostvig

Hans Finsøn Rostvig, d. 1596. Fut i Sunnfjord.

Er i 1567 nemnd som bygslar av storgarden Bru (seinare Svanøy Hovudgard ). Garden var då kongegods. Han bygsla også eigedomar i Sandvik ved Solheimsfjorden og på Flokenes (Askvoll kommune).

Finsøn vart seinare fut i Romsdal og rådmann og borgarmeister i Bergen. Han var nær ven av Absalon Pedersøn Beyer, og vert ofte nemnt i skriftene hans. Faren til Rostvig var lensherre under Olav Engelbregsson.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008