Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Jensson Blom

Hans Jensson Blom (1812-1875) frå Skien. Prest og politikar.

Hans Jensson Blom (1812-1875) frå Skien. Prest og politikar.

Sokneprest i Kinn 1854-1862, då han flytta til Melhus. Var valt inn på Stortinget frå Stavanger frå 1848 til 1854. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane 1859-1860 og 1862-1863. Vararepresentant 1868-1869 etter at han flytta til Trøndelag.

Blom spela ein avgjerande rolle då Florø vart by i 1860: Han var formann i kommisjonen som vurderte plasseringa av byen. Dei andre alternativa var Sauesund og Flokenes i Askvoll kommune, men Florelandet vart valt. Blom har fått ei gate oppkalla etter seg i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010