Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Thiis Nagel

Hans Thiis Nagel bygde ut hovudbygningen på Svanøy til eit skikkeleg staseleg hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Thiis Nagel bygde ut hovudbygningen på Svanøy til eit skikkeleg staseleg hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Thiis Nagel (ca. 1700-1769). Fut i Sunnfjord og Nordfjord frå 1731.

Før det hadde han vore konstituert fut både i Fjordane og i Sogn. I 1750 utnemnd til kongeleg kammerråd. Kjøpte i 1749 Svanøy-godset av Cecilia Catharina de Lillienskiold, som var enkje etter Morten Svanenhielm. Nagel flytta då frå futegarden Fure i Fjaler til Svanøy. I dei 20 åra Nagel eigde godset, bygde han ut Svanøy Hovudgard til å bli eit av dei flottaste gardsanlegg på Vestlandet. Han kjøpte sjølv over 100 gardar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Thiis Nagel eigde m.a. storgarden Osen gard i Bygstad som han i 1750 skøytte over til svigersonen, kaptein Fredrich von Storm som medgifte.

Hans Thiis Nagel var gift med Kristine Margrethe Worm, dotter til styrar Jens Worm ved det kongelege koparverket i Årdal (sjå Årdal Koparverk), og far til fut Jens Worm Nagel.

Tre av døtrene gifte seg med lokale rikfolk: Margrete med kaptein von Storm på Osen gard, Anne Laurentze med kjøpmann Peder Pederson Tonning og Ingeborg Catrine med sorenskrivar og historieskrivar Hans Arentz, som budde i Dale og var mannen bak «Sønfjords Beskrivelse» frå 1785.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010