Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Seim

Harald Seim (1882-1975) fødd i Alværsund, busett på Kinn. Kunstmålar.

Utdanna ved Kunstakademiet, elev av Chr. Krogh, og hadde studieopphald i Paris. Seim var landskapsmålar som m.a. fann mange av sine motiv i Flora og Gloppen. Debuterte på Statens haustutstilling 1912, og deltok flittig der og på Vestlandsutstillinga i åra fram til 2. verdskrig.

I 2014 gav Magnus Helge Torvanger ut ei bok om Seim og kunsten hans – "Harald Seim. Kunstmålaren frå Kinn".

Bror til Einar Seim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015