Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianarane på Svanøy

På Svanøy er det teke vare på ein bibel som Ole Torjusson Svanøe kjøpte og som er frå 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Svanøy er det teke vare på ein bibel som Ole Torjusson Svanøe kjøpte og som er frå 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Torjusson Helling - (sjå Ole Torjusson Svanøe) - var odelsgut frå Ål i Hallingdal. Ole møtte Hans Nielsen Hauge i 1801, og med hjelp frå Hauge kjøpte han Svanøy Hovudgard i 1804 for pengar han fekk for salet av odelsgarden i Hallingdal. Han tok familienamnet Svanøe då han flytta til Svanøy, og familien har sidan skrive seg «Svanøe».

Åndeleg kraftsentrum

Den nære kontakten mellom Hauge og den driftige og gåverike Ole Torjusson gjorde raskt Svanøy Hovudgard til eit åndeleg kraftsentrum for haugerørsla og Hauge-venene sin næringsaktivitet i distriktet. Fleire sentrale forkynnarar i haugerørsla var i teneste som arbeidsfolk på Svanøy Hovudgard før dei reiste ut.

Mellom desse var den kjende reise-emissæren Anders Haave, som seinare slo seg ned i Stavang, og var far til den kjende forretningsmannen Abraham Haave i Florø. Grunnen til at Hans Nielsen Hauge og venene hans fekk så sterkt fotfeste på Vestlandet, var at Bergens-bispen Johan Nordahl Brun såg meir romsleg på lekmannsrørsla enn andre bispar.

Bibel frå 1700-talet

På Svanøy har dei teke vare på den omfangsrike bibelen som Ole Torjusson Svanøe kjøpte brukt. Bibelen er frå 1700-talet ein gong. Inne i bibelen skreiv Svanøe inn namna og fødselsdatoane til borna sine.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010