Hopp til innhold
X
Innhald

Håvard Lothe

Håvard Lothe. Foto: Simon F. Solheim, NRK.

Håvard Lothe. Foto: Simon F. Solheim, NRK.

Håvard Lothe fødd 1982 i Florø. Songartist og ingeniør. Etter vidaregåande skule gjekk han Liverpool Institute for Performing Arts (stifta av Paul McCartney). I 2007 gav han ut debutalbumet ”Live in Concert”, og i 2009 kom oppfølgjaren ”Doorian Grey”.

Seinare tok han ingeniørutdanning i Bergen.

I 2009 vart Lothe tildelt Luttprisen som årets artist i Sogn og Fjordane.

Håvard Lothe får overrekt Luttprisen 2009 av Stian Sjursen Takle (t.v.) og Stein Jarle Aase. Foto: Simon F. Solheim, NRK.

Håvard Lothe får overrekt Luttprisen 2009 av Stian Sjursen Takle (t.v.) og Stein Jarle Aase. Foto: Simon F. Solheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016