Hopp til innhold
X
Innhald

HAVdyrkerne BA

I 1995 gjekk 24 oppdretts- og settefiskprodusentar frå Osterøy i sør til Sunnmøre i nord saman og skipa innkjøpsorganisasjonen HAVdyrkerne BA, med hovudkontor i Florø. Forutan innkjøp, driv HAVdyrkerne med kvalitetssikring og kvalitetsdokumentasjon.

I 2005 er fylgjande firma i Sogn og Fjordane med: Hyen Laks, Hyen Fisk og Sande Settefisk i Gloppen, Nordfjord Havbruk i Vågsøy, Steinsvik Fiskefarm, Barlindbotn Settefisk, Marø Havbruk, Bru Fiskeoppdrett, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Nærøysund Matfisk og Nærøysund Marinfisk i Flora, Flokenes Fiskefarm i Askvoll og Osland Havbruk i Høyanger kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008