Hopp til innhold
X
Innhald

Havlandet Havbruk AS

Havlandet Havbruk AS eig mellom anna dette oppdrettsanlegget ved Russenes i Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Havlandet Havbruk AS eig mellom anna dette oppdrettsanlegget ved Russenes i Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Havlandet Havbruk AS vart skipa i år 2000 som eit underselskap i INC-gruppa.

Havlandet Havbruk AS er morselskapet i ei gruppe selskap som m.a. eig setjefisk- og oppdrettsanlegg, og har hovudkontor på Fjord Base på Botnaneset. Havlandet-konsernet har i 2005 til saman 14 tilsette.

Havlandet Marinfisk AS vart skipa i 2003 og driv oppdrett i Fanevik i Norddalsfjorden. I 2004 oppretta Havlandet eit anlegg for torskeoppdrett på Russenes i Førdefjorden.

Havlandet Marin Yngel AS vart skipa i 2001 og driv yngeloppdrett på eit anlegg ved Fjord Base, og har i 2005 konsesjon på fem millionar setjefisk.

HFL Havlandet Forskingslaboratorium i Gunhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010