Havreneset fort

Havreneset, der det var eit sterkt tysk fort under krigen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.
Tyskarane bygde eit av dei sterkast befesta forta i Sogn og Fjordane på Havreneset. Fortet var stridsklart sommaren 1942. Hovudskytset var seks franske 155 mm feltkanonar. Dessutan tre 25 mm kanonar og to 20 mm luftvernkanonar. Her var også fem mitraljøsereir og ni flammekastarar til nærforsvar, og tre digre lyskastarar – den største med ein diameter på halvannan meter.
Folk vart tvangsflytta
Rundt fortet på Havreneset var det lagt ut fire minefelt med i alt 635 miner. Folk som budde på gardane på Havreneset, vart jaga frå husa sine, og bygningane nytta til militære føremål. Mannskapet budde i seks brakker nær stillingane, og det vart også bygt ein del bunkerar og tunnelar. Eit fjellanlegg som skulle tene både som mannskapsforlegning og feltlasarett, var ikkje ferdige då krigen tok slutt.
Kommandoplassen låg i ein bunker, og på toppen av bunkeren stod ein avstandsmålar. To av dei største kanonane er framleis tekne vare på i Havreneset.
Les meir om krigshistoria i Flora.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.06.2010