Hopp til innhold
X
Innhald

Helleristingane i Ausevika

Helleristning i Ausevika. Foto: NRK.

Helleristning i Ausevika. Foto: NRK.

Ausevika ligg på sørsida av Høydalsfjorden. I 1934 fann Tor Grønnevik det store helleristingsfeltet, som tel kring 300 figurar.

Ausevik-feltet er det nest største på Vestlandet etter helleristingsfeltet i Vingen. Feltet har ei mengd dyrefigurar som framstiller hjort, og desse er blanda med geometriske figurar - solsymbol frå ein fruktbarheitskultus. Denne blandinga av jaktmagi og fruktbarheitssymbol gjer Ausevik-feltet spesielt interessant.

Dateringa er det usemje om - frå 4000 år f.Kr. til 500 år f.Kr. Mykje av feltet er sterkt utsett for erosjon og er dekt over. I 2002 vart Ausevikfeltet teke opp i eit felles nordisk prosjekt for bergkunst; Rock Art in Northern Europe. Gjennom dette EU-finansierte prosjektet er det utarbeidd planar for eit Vestnorsk Bergkunstsenter i Ausevika.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011