Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell og velferd i Flora

Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det rike sildefisket på 1800-talet samla tusental fiskarar seg i Florø. Dette la grunnlaget for eit lite fiskarsjukehus som vart reist i 1863. På 1920-talet bygde Røde Kors eit skikkeleg sjukehus som alle kunne nytte, og i 1933 vart det avløyst av fylkessjukehuset. Under kampen om sjukehusmønsteret i fylket kring 1970 fekk striden dei kvassaste og mest dramatiske utslaga i Flora, der sjølvaste statsministeren gjorde mislukka freistnad på å roe gemytta.

Ein lege for heile Fjordane

Først i 1863 fekk Kinn kommune eigen distriktslege.

Fiskarsjukehuset

vart oppretta i 1863 og var eit tilbod berre for fiskarar - i sildesesongen.

Apotek

vart skipa i Florø 1889. Men alt i 1874 hadde ordførar Livius Smitt reist kravet om apotek i byen. Sjå elles eigen artikkel under Næring: Florø Apotek .

Florø Sykepleieforening og sjukestova

Florø Sanitetsforening vart skipa i 1898 og hadde som føremål å arbeide for å få bygd eit sjukehus i Florø. Ektemaken til distriktslege Skridshol var leiar frå starten og fram til 1924. I 1902 tilsette laget eiga helsesøster, og i 1920 vart ho styrar for ei eiga sjukestove som laget starta. I 1924 gav sykepleiforeninga 10.000 kroner til det nye Røde Kors-sjukehuset (sjå under Florø Sjukehus), og i 1926 2.000 kroner til instrument til sjukehuset. Også i 1930 gav sykepleieforeninga ein stor sum til drift av fylkessjukehuset i byen.

Solstrand Helseheim. Foto: Malvin Horne.

Solstrand Helseheim. Foto: Malvin Horne.

Solstrand Helseheim

I 1923 bygde naturmedisinaren Hans Edvard Andersen Solstrand Helseheim på Krokane aust for byen. Han hadde lært naturmedisin ved Furuly Helseheim på Stord, og dreiv behandling med kurbad, varmebehandling og diett. Helseheimen dreiv han fram på 1950-talet. Helseheimen med sine karakteristiske to fløyar låg like ved riksvegen på Krokane, og vart riven sist på 1980-talet.

Florø Sjukehus

Av sjukehusa i Sogn og Fjordane er det sjukehuset i Florø som strekkjer dei lengste røtene bakover i historia.

Vanføreheimen Vestbris.

Vanføreheimen Vestbris.

Røde Kors-sjukehuset

- sjå Florø sjukehus.

Vanføreheimen Vestbris

Vanføreheimen Vestbris i Havreneset vart reist i 1959 etter initiativ frå Annanias Batalden. Heimen tok imot handikappa frå heile fylket og gav dei eit opplærings- og aktivitetstilbod. Batalden gav ei 30 dekar stor tomt av eigen gard til heimen. Vestbris var i bruk fram til 1983, siste åra som alders- og sjukeheim.

Helsehuset

i Florø sentrum vart bygd av Florø Sanitetsforening i 1959, og var det første av dette slaget i fylket. Huset romma m.a. trygdekasse og barnekontrollen.

Solbakken

Solbakken arbeids- og sjukeheim - seinare asylmottak.

Hilmar Reksten og eldresenteret

Den omstridde bergenske skipsreiaren Hilmar Reksten som ættar frå Reksta gav pengar til eldresenter.

Havglytt

- sjå Hilmar Reksten og eldresenteret.

Flora Alderssenter Havglytt

- sjå Hilmar Reksten og eldresenteret.

Sunnfjord Produkt A/S

er ei verna verksemd som vart skipa i 1979, og som seinare har skifta namn til Origod As. Opptakten gjorde Sunnfjord Vanførelag i 1973.

Flora Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Sjukeheim

i Havikbotnen vart bygd i 1984.

Sunnfjord Medisinske Senter

opna i Florø i 2001, og er det første store privatdrivne senteret i Sogn og Fjordane for legetenester og andre helsetilbod.

Kvæfjord Oppleving og Aktivitet - KOA Sunnfjord

vart offisielt opna i 2011. KOA Sunnfjord har overteke den tidlegare Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter og driv rehabiliteringssenter for folk med m.a. rusproblem.

Flora Omsorgssenter ved Kinnvegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Omsorgssenter ved Kinnvegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omsorgsbustader i Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omsorgsbustader i Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå også velferd knytt til: Ankerløkken Verft.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011