Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Nygård

H. Nygård AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

H. Nygård AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henrik Nygård starta blekkslagarverkstad i Florø i 1960. Saman med ektemaken Hjørdis bygde han opp eit stort forretningsbygg ved Hamregata. Bygget er utvida fleire gonger slik at det i dag har kring 5.000 kvadratmeter leigeareal. Ein stor del av bygget er utleigd til hyblar og andre verksemder.

Då Henrik Nygård døydde i 1990, tok borna Jan Henrik Nygård og Heidi Nygård over den daglege leiinga av blekkslagarverksemda, som i 2007 hadde 10 tilsette. I 2009 slo Nygård seg saman med Førde Metallprodukt AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.03.2010