Hopp til innhold
X
Innhald

Hilmar Hansen

Hilmar Hansen (1909-1944) frå Florø. Fiskar og motstandsmann.

Hilmar Hansen (1909-1944) frå Florø. Fiskar og motstandsmann.

Var lokal kontakt for norske marinebåtar som opererte langs kysten av Vestlandet under 2. verdskrig. Vart arrestert 12. april 1943 etter at Gestapo hadde funne namnet hans på eit vekeblad ombord i ein norsk MTB som grunnstøytte etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Både han og Jens Buarøy som vart teken etter same episoden, vart hardt torturerte og sende til tyske konsentrasjonleirar.

Hansen vart overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 19.08.1943, overført Natzweiler 21.08.1943, overført Dachau, overført Ottobrünn, overført Dautmergen, overført Vihingen den han døydde den 21. november 1944. Også Jens Buarøy døydde i fangenskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010