Hopp til innhold
X
Innhald

Hilmar Reksten og eldresenteret

Flora Alderssenter Havglytt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Alderssenter Havglytt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den omstridde bergenske skipsreiaren Hilmar Reksten (1897-1980) hadde ætta frå Reksta i Flora. På 1970-talet skipa han Hilmar Rekstens Almennyttige Fond som m.a. gav 1,5 millionar kroner og eit like stort rentefritt lån til bygging av eldresenteret Havglytt i Florø sentrum. Bygningen er reist på tomta til det tidlegare fiskarsjukehuset som seinare vart lokale for fiskarfagskulen.

Den aktive organisasjonskvinna Laura Sundal Skorpen spela ei aktiv rolle då eldresenteret Havglytt vart bygt og opna i 1977. Senteret heiter no Flora Alderssenter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010