Hopp til innhold
X
Innhald

Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter

Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter i Eikefjord vart frå 1988 driven av pinsemenigheitene i Noreg som eit rehabiliterings-og utdanningssenter for unge rusmisbrukarar. Skulen hadde årleg opptil 46 elevar frå heile landet, og gav undervisning i snikkarfag, kokkefag og almenfag.

Skulen vart av økonomiske grunnar lagd ned i 2008, og naboen, fiskeoppdrettar Alex Vassbotten, kjøpte dei fråflytta bygningane.

I 2010 starta Kvæfjord Oppleving og Aktivitet - KOA - eit avlastingstilbod for barn, unge og vaksne som treng eit avlastingstilbod utanom heimen sin i dei tidlegare bygningane til Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter.

I juli 2014 vart namnet endra til Flora Helse AS, men dagen etter namneendringa vart dette selskapet slege konkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015